Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

DINNER&DANCE ^^My Kitchen Volda

1. februar @ 19:00 - 22:00

MY KITCHEN annonserte tidlegare i veka at dansearrangementet laurdag 1. februar var utsett. Dette fordi det opprinnelege bandet diverre måtte melde avbod.
No har My Kitchen funne ei erstatning i duoen Tone & Roger. Så då kan folk berre halde fram med å blankpusse danseskoa – for dans vert det altså likevel LAURDAG 1. FEBRUAR 🙂
Her kjem ei lita pressemelding frå duoen Roger & Tone.
“Roger & Tone er ein musikalsk duo frå Stryn. Etter mange år på vegen i forskjellige danseorkester, som mellom anna Twilight og Dr. Doc. har dei lært seg kva musikk folket vil ha – og det er rett og slett god og variert dansemusikk.
Roger & Tone har eit repertoar som spenner frå vals av Prøysen til AC/DC (!), og i mellom der kan vi finne Jerry Lee Lewis, Elvis Presley, gamalrock, country, 80-tals og 90-tals musikk. Henning Kvitnes, Bruce Springsteen, Toto, Smokie, samt nokre obligatoriske svensktopplåtar har også fått plass på den rikhaldige musikkmenyen”.
Dette lovar bra, men før vi kjem til sjølve dansen så er det mogleg å få seg ein matbit i form av varmbuffet. Difor heiter dette arrangementet “Dinner & Dance”.
I det konseptet ligg det at dei som vil nyte ein svært snakfull varmbuffet, som er i tidsromet 19.00 – 21.00, betalar kr. 250,-
Sjølve dansen (22.00 – 02.00) kostar kr.150,-
Dei som vil kjøpe ein fellesbillett betalar då kr. 300,- for varmbuffet og dans.
Aldersgrensa på dette arrangementet er 20 år, og det vert krevd legitimasjon ved tvilstilfeller.
MY KITCHEN ynskjer “mann av huse” denne kvelden. Lokalet er svært godt eigna til musikk og dans med stor scene og eit dansegolv ein i utgangspunktet kan gjere så stort ein vil.
Sett av denne laurdagen. Lat oss lage ein god gamal “Dinner & Dance” – slik det var i utelivets “gullalder” 🙂
https://www.facebook.com/events/174462387156002/

Detaljar:

Dato
1. februar
Tid:
19:00 - 22:00
Kategori:
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/174462387156002/

Arrangør

My Kitchen Volda
Epost:
noreply@facebookmail.com