Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Framande artar og kartlegging av naturmangfald

12. oktober @ 19:30 - 21:00

Månadens møte i Grønt forum handlar om framande artar og kartlegging av naturmangfald. Vi får besøk av Øystein Folden og Kristin Wangen.
Øystein Folden har eit bein i gartnarnæringa og det andre i Naturvernforbundet. Framande planteartar har vore eit spesialfelt sidan den første svartelista kom i 2007. Framande, skadelege artar er eit aukande problem i norsk natur, og det truar naturmangfaldet. Ei lita tue kan velte stort lass, heiter det frå gamalt. Den nye versjonen er at nokre pene planter kan føre til stort skred. Dessutan venter vi på den dagen då nokon som har fått levert framandartar med eit jordlass får erstatning i millionstorleik.
Vi har fått ei risikoliste, så vi veit mykje om kva planter som kan skape vanskar for oss. Men kven har ansvaret for å gjere noko med det? Er det ordføraren? Eller entreprenøren? Eller hageeigaren? Eller hagesenteret?
Dessutan blir det sjølvsagt ein presentasjon av nokre av skumlingane, og om det kan vere utsikt til å bli kvitt nokre av dei.
Kristin Wangen er biolog, og jobbar som rådgjevar i firmaet Miljøfaglig utredning. Kartlegging av naturmangfald er ei av hovudoppgåvene hennar. På møtet vil ho fortelje om korleis ho jobbar med dette, om metodane ho brukar, og om utfordringane ho møter i dette arbeidet.
Tap av naturmangfald er eit like stort trugsmål mot verda som klimaendringane, seier forskarane. 1 million artar er truga, og det skjer så fort at kan gå ut over evna til å skaffe nok mat til ei veksande befolkning. Naturpanelet offentleggjorde nyleg ein av dei mest omfattande rapportane om naturens tilstand som nokosinne er laga. Den viser kor avhengige vi er av ressursane på jorda, og korleis vi forbrukar dei.
Arealinngrep, intensivt jord-og skogbruk, framande artar og forureining er nokre av årsakene. Rapporten gjev oss kunnskap om kva som må til for å stanse utviklinga, men korleis skal vi forvalte denne kunnskapen?
Eitt viktig verkemiddel er kravet om konsekvensutgreiingar i samband med store inngrep, enten det gjeld vegbygging, vindkraftutbygging eller nedbygging av dyrkajord.
Av omsyn til smittevernet er det avgrensa tal på sitjeplassar i salen. Arrangøren oppmodar difor dei som vil møte fram til å trykkje Skal på Facebookhendinga til Grønt forum, eventuelt sende ei melding til oss for å reservere plass og informere om ein er fleire frå same husstand som kan sitje i lag. Slik kan flest mogleg få plass på dette viktige møtet.
https://www.facebook.com/events/631423981067440/

Detaljar:

Dato
12. oktober
Tid:
19:30 - 21:00
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/631423981067440/

Arrangør

Grønt forum Ørsta Volda
Epost:
noreply@facebookmail.com

Lokale

Uppheim Volda