Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

QUIZ TORSDAG^^My Kitchen Volda

20. februar @ 19:00 - 21:30

Get thinking!?Vi skal starte opp QUIZ !
Dette vil skje TORSDAG 20 FEBRUAR, og vil etter det halde fram annankvar torsdag fram til 25 juni, altså til saman 10 runder.
1. Det er lov til å ha med maksimalt 5 – fem – personar per lag. Dette treng ikkje vere dei same fem kvar gong, men det skal aldri vere meir enn fem personar tilsaman på laget per runde.
2. Det vert 30 spørsmål per runde, inkludert ei lita pause etter dei 15 første spørsmåla.
2. QUIZEN STARTAR KVAR GONG KLOKKA 19.00 OG VIL VARE TIL OMLAG KLOKKA 21.00. Dette kan likevel variere noko då antal lag kan variere frå gong til gong, men vi skal så godt vi kan prøve å halde oss til dette tidsskjemaet.
4. Det vert delt ut premie til vinnarlaget for kvar runde.
Når alle rundene er over, vert det i tillegg delt ut ein større premie til vinnarlaget smanlagt. Difor er det viktig (for dei som vil) å vere med på så mange runder som mogleg. Når det er sagt, så er det heilt opp til kvar enkelt person eller kvart enkelt lag å stille akkurat når dei vil eller kan ?
5. Det er ingen aldersgrense under QUIZEN, men minner om at skjenkereglane gjeld som vanleg. Ingen under 18 år har tilgong til alkohol ! Ut over det så vert det QUIZ-prisar på mat og drikke i tidspunktet arrangementet pågår.
QUIZ har i “alle år”, vore ein svært populær fritidssyssel for folk flest. Dette gjeld både i hus og heim og på utestadane eller andre stader folk samlast.
QUIZ er mange ting. Det er lærerikt, spennande, kjekt og sosialt.
Underteikna brukar av og til dette som oppsummering; “Aldri før ha SÅ mange visst SÅ mykje om SÅ mange ting” ?
Så gode folk ute i den store verda: Spre det gode ord om QUIZEN på My Kitchen. Få med så mange som mogleg. DEL GJERNE INNLEGGET. “Jo flere vi er sammen” osv….
Skulle det verte fullt så er det eit luksusproblem. Skulle det vise seg å verte for lite folk til at QUIZEN har “livets rett”, så har vi i alle fall prøvd. Det er faktisk ikkje verre enn det.
Takk for at du tok deg tid til å lese dette – og velkomen skal du vere
https://www.facebook.com/events/530167564271147/

Detaljar:

Dato
20. februar
Tid:
19:00 - 21:30
Kategori:
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/530167564271147/

Arrangør

My Kitchen Volda
Epost:
noreply@facebookmail.com