Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Rando Highway 2020

29. februar @ 12:00 - 16:00

Laurdag 29. februar 2020 inviterar foreininga Melshornets venner til Rando Highway – eit skiløp for alle!
Løpet går frå Volda skisenter til Melshornet (807 m.o.h.). Det er for folk i alle aldrar og er ope for alle som ønskjer å delta. Målet er å skape folkefest, så her er det berre å finne fram skia!
Løpet har ei mosjonsklasse og fire konkurranseklasser: kvinner junior (0-17 år), kvinner senior (18-99 år), menn junior (0-17 år) og menn senior (18-99 år).
Det vert medaljar til alle på toppen og premiering av beste tid i kvar klasse. Det vert også høve til å vinne flotte uttrekkspremiar for alle som deltek, med ein total verdi på over 25.000 kr.! Det blir også premie til beste kostyme, for dei som ønskjer å kle seg ut! Premeutdeling og uttrekning av premiar vert ved startområdet på Volda skisenter, ca. kl. 15:00.
Påmelding og utdeling av startnummer:
Meld deg på via dette skjemaet: https://forms.gle/5YfiSBAyc2RaZXz87
I tillegg kan du gjerne trykke på deltar på dette arrangementet! Husk at dette er LØPET FOR ALLE, så her er det berre å melde seg på folkefesten!
Deltakaravgift på 100 kr. betalast via Vipps umiddelbart etter påmelding. Søk opp “Melshornets venner” under “Kjøp og betal”. Kvittering må framvisast ved utdeling av startnummer. Dersom løpet ikkje blir gjennomført vil du få tilbakebetalt deltakaravgifta.
Påmeldingsfristen er torsdag 27. februar kl. 23:00. Påmeldingar som kjem inn etter fristen vert fortløpande vurdert av løpskomiteen.
Det vert utdeling av startnummer laurdag 29. februar frå kl. 10:30 til 11:30 ved sekretariatet på Volda skisenter. Alle deltakarar vil samtidig få utlevert eit skriv med viktig informasjon.
Deltakarar i juniorklassene må ha med føresette ved uthenting av startnummer.
Melshornets venner minner om at deltaking skjer på eige ansvar. Vi minner spesielt om å ha med klede etter forholda den aktuelle dagen.
Praktisk på løpsdagen:
Utdeling av startnummer frå kl. 10:30 til 11:30.
Obligatorisk oppmøte og praktisk informasjon via speaker kl. 11:45 for alle deltakarar i startområdet.
Løpet startar kl. 12:00 og premieutdelinga blir gjennomført så fort det praktisk let seg gjennomføre. Estimert til ca. kl. 15:00 pr. no.
Utstyrskrav: ski med stålkantar, bindingar, fellar og stavar. Sekk med ekstra jakke og bukse i. Hjelm anbefalast for nedkøyringa etter løpet, men er ikkje eit krav. Splitboard er også tillatt.
Løypa går frå Volda skisenter, via “Nedrevegen”, Kleppesætra og til toppen av Melshornet. Lengde 3,1 km og 480 høgdemeter stigning. Eige løypekart vert publisert.
I Sledalen vert det publikumsområde med grilling av GRATIS pølser, utdeling av drikke til deltakarar og publikum, musikk og god stemning. Møt gjerne opp her og hei fram deltakarane!
For spørsmål eller ønske om fleire opplysningar kan du sende oss ei melding her på Facebook!
– – –
English:
“Rando Highway” is a ski race from Volda ski centre to the top of the mountain “Melshornet” in Ørsta and Volda. It takes place on Saturday the 29th of February 2020. The race is open for everybody to join and we welcome your questions about the race here on facebook!
https://www.facebook.com/events/2833268133374177/

Detaljar:

Dato
29. februar
Tid:
12:00 - 16:00
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/2833268133374177/

Arrangør

Rando Highway
Epost:
noreply@facebookmail.com

Lokale

Volda Skisenter
Resvegen
Volda, 6100 Norway
+ Google-kart