Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Sjå i nåde til oss: Olaug Nilssen og Laura Djupvik // Ørsta

31. januar @ 15:00 - 16:30

I livet slår lagnaden vilkårslaust fylgje. Forfattarane Olaug Nilssen og Laura Djupvik utforskar tilhøva både for eigeverd og for tillit til kvarandre, når dagane krev meir enn vi maktar.
I romanen «Yt etter evne, få etter behov» (Nilssen) og novellesamlinga «No fær huset» (Djupvik) peikar forfattarane mot at nåden finst, i det gode vi strever mot å gjere for kvarandre.
Gjennom samtale og lesing reflekterer dei over korleis slike innsikter også er drivkrefter i skrivinga, og over korleis litteraturen kan vere med å løyse litt i flokane, både for den som les og den som skriv. Samtalen vert leia av tidlegare programansvarleg ved Nynorsk kultursentrum, Janne Karin Støylen
Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie? Slike spørsmål verkar til å kverne mellom linjene i Olaug Nilssen sin heilt ferske roman «Yt etter evne, få etter behov».
Vi får innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gunvor, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han.
Dei får det ikkje heilt til, karakterane i Laura Djupvik si siste novellesamling, heller. «No fær huset» samlar forteljingar om kor sårbart livet kan vere, og syner fram at alle har utfordringar. Vi har alle vårt. Ingen treng å skamme seg. Novellene handlar om dei erfaringane folk gjer seg, og om kor vanskeleg det kan vere å leve eit heilt alminneleg liv.
«Sjå i nåde til oss» er ein del av samtalerekkja «Med to til ords» som er utvikla av Rom for ord med støtte frå Fritt ord og Norsk kulturråd.
https://www.facebook.com/events/696180167920429/

Detaljar:

Dato
31. januar
Tid:
15:00 - 16:30
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/696180167920429/

Arrangør

Rom for ord
Epost:
noreply@facebookmail.com

Lokale

Ivar Aasen-tunet
Indrehovdevegen 176
Hovdebygda, 6160 Norway
+ Google-kart