Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

XSocial_Hike: Lidaveten

4. oktober @ 17:30 - 21:00

BLÅ- Lidaveten 592moh
Då var det klart for årets første XSocial_Hike! Savner du å gå i fjellet? Har du aldri gått i fjellet? Ønsker du å oppleve meir av Volda omegn?
Gjennom heile året skal XSocial_Hike arrangere fotturer for alle og ein kvar. I all slags vêr og i all slags klær;)
Den første turen er Lidaveten på 592moh. Oppstart 17.30 ved parkeringsplassen, Søndag 4.oktober. Turen er 4,1 km tur/retur med ein stigning på 565 m. Dette er ein middels vanskelig tur som er merka med fargen BLÅ. Me kjem til å gå Berknessida som er litt lenger enn frå Eidheim. Dette gjer me då det er fine utsiktspunkt på veg opp og fin stigning heile vegen.
For å klare å gjennomføre turen treng me folk som kan stille opp med bil. Skriv gjerne i påmeldingsskjema om du har bil til disposisjon. Håper vi sjåast!
Påmeldingskjema:
https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSc30rFZrKx4xxyIcku-g-IItIxn1ciQfUkpiOuM-Smx1GzzTA/viewform
Om turen
Lidaveten er eit av mange fjell på kring 5-600 m i Volda kommune. Desse høver godt som formiddags-, ettermiddags- eller familietur, Frå toppen av Lidaveten er det flott utsyn i mange retningar. Dei fleste startar turen til Lidaveten frå Eidheim. Denne ruta som er omtala her, går frå vest (Berkneset) og har etterkvart fått ein god sti. Eit flott alternativ til den vanlegaste ruta.
Start ved parkeringsplassen. Stien som er tydeleg og godt merka, går opp gjennom variert skog. På veg oppover passerer du to utsiktspunkt. Set deg gjerne på benkane og nyt utsikta (N62° 13.123′ E5° 56.961′ og N62° 13.149′ 56.993′). Etterkvart kjem du ut av skogen og du har god utsikt medan du går vidare mot toppen. Det er jamn stigning. Like før toppen er det ei flate og noko myrlendt før siste kneike mot toppen. Flott utsikt på toppen og ein flott varde!
Adkomst og parkering
Køyr E39 frå Volda til Ørsta. På Egset tek du av på FV47, skilta m.a. mot Mork rehabiliteringssenter. Følg FV47 i omlag 11 km. Like etter ein skarp sving ser du ei garasje m.m. Her kan du parkere, og stien startar like ved parkeringsplassen. Køyrer du frå Ørsta, tek du av til FV47 like før Eiksundtunnelen. Køyr ca 4 km til du kjem til plassen der du kan parkere. Parkering ved eit anleggsområde/garasjeområde
https://www.facebook.com/events/346530709895350/

Detaljar:

Dato
4. oktober
Tid:
17:30 - 21:00
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/346530709895350/

Arrangør

X2 Festivalen
Epost:
noreply@facebookmail.com